-
Høgblokk i Hong Kong.
-
Regnskog i Amazonas blir rydda for å gi plass til kvegfarm. Skogen blir brent ned og gras planta.
Uttrykket berekraftig utvikling betyr at vi skal dekkje behova vi har i dag, utan å øydeleggje for dei som kjem etter oss. I dag (2018) er vi 7,6 milliardar menneske på jorda, og vi blir truleg 9,8 milliardar innan år 2050 – menneske som alle treng mat, klede og hus.
Når vi tenkjer berekraft, ser vi på jorda som ein heilskap. I Noreg har vi ganske rein luft og reint vatn, men mykje av forbruket vårt – mat, klede, elektronikk, plast – blir produsert av forureinande industri i andre land. Vi lever også av å produsere olje, som er veldig forureinande.
Allereie i dag er det mange menneske som ikkje har nok mat. For å få ei berekraftig utvikling må vi tenkje på måten vi lagar maten på, kva vi et, og korleis vi fordeler ressursane.
Klimaendringar og global oppvarming
Ein stor trussel i dag er klimaendringane. Jorda blir stadig varmare, slik at vi får meir flaum, meir tørke og surare hav. Då blir det også mindre dyrkbar jord og mindre mat i havet.
Grunnen til oppvarminga er utslepp av klimagassar. Klimagassane kjem særleg frå bensin, olje og kol som blir brent. Då dannar det seg karbondioksid, CO2, som øydelegg atmosfæren. Noko av det er også metangass, som kjem frå husdyr, særleg storfe (oksar og kyr).
Mat og matproduksjon bidreg til klimaendringane på fleire måtar:
- Transport av mat. I dei rike landa har vi eit stort utval av mat, og mykje av denne maten er frakta over lange avstandar.
- Aukande kjøttproduksjon. Stadig fleire husdyr gir meir metangass til atmosfæren.
- Matvareindustri og ferdigmat. Dess meir vi et av ferdige produkt, dess meir forureinar vi – når det gjeld fabrikkar som lagar maten og emballasjen han er pakka inn i.
- Ein stadig større del av jorda blir brukt til matproduksjon. Skog blir hogd ned, og myrområde forsvinn – desse er viktige for å halde på karbonet i jorda.
Regnskogen – palmeolje og kraftfôr
Regnskogane er lungene til jorda, dei tek opp CO2 og reinsar lufta. Men for å skaffe tømmer, mat og drivstoff blir store mengder av regnskogen hogde ned eller brende – det blir sagt at 12 fotballbanar blir rydda kvart minutt!
Dette skjer både i Amazonas i Sør-Amerika og i Indonesia. I Indonesia blir dei avskoga områda mellom anna brukte til palmeoljeproduksjon. Palmeolje blir brukt i forskjellige matvarer, som sjokolade, kjeks og mikropopkorn, og til frityren på gatekjøkkenet (pommes frites, smultringar).
I Amazonas blir det etablert gedigne kvegfarmar for kjøttproduksjon. Dette kjøttet et vi ikkje så mykje av i Noreg – men til gjengjeld et dyra våre fôr som kjem frå regnskogen. Ein stor del av kraftfôret til norske slaktedyr er laga av soya dyrka i regnskogen. Det same gjeld fôret til oppdrettslaksen.
Regnskogfondet og andre miljøorganisasjonar har jobba hardt for å stoppe avskoginga, og Noreg er med i ein avtale der rike land betaler dei fattige for å ta vare på skogen. I dag blir det brukt mykje mindre palmeolje i norsk matindustri. Men til gjengjeld har bruken av palmeolje til biogass auka kraftig.
Rettferdig handel – Fairtrade
Mykje av matproduksjonen i verda skjer på store farmar, slik som i regnskogen. Ofte må små bønder som bur i nærleiken, leggje ned gardane sine, og det er vanskeleg for dei å konkurrere mot dei store selskapa.
Fairtrade er ein organisasjon som jobbar for at småbønder skal kunne behalde gardane sine og leve av det dei tener der. Då må forbrukarane kanskje betale litt meir for vara, men dei får til gjengjeld vite at pengane går direkte til bonden.
Fairtrade-produkt er mellom anna kaffi, te, bomull, kakao, frukt, sukker og nøtter. I butikken kan du sjå etter dette merket.
Kompetansemål
- kritisk vurdere informasjon om matproduksjon og drøfte korleis forbrukarmakt kan påverke lokal og global matproduksjon
- utforske klimaavtrykket til matvarer og gjere greie for korleis matval og matforbruk kan påverke miljøet, klimaet og matsikkerheita